JUL PÅ SUNNMØRSK

JPS pressebilde 2018 komprimert.jpg

Jul På Sunnmørsk er eit prosjekt av musikarar frå Sunnmøre, som felles har ein kjærleik til musikk, sunnmøre og julestemning. Saman tolkar me gamle og nye, kjente og mindre kjente julesongar på klingande sunnmørsdialekt.  

I tillegg til å synge låtane på sunnmørsdialekt, har vokalist Siril Malmedal Hauge passa på å ha med nokre av dei tradisjonane som minner oss om sunnmørsjula i tekstane. Med alt det fine og idylliske, og nokre gongar irriterande typiske... Slik som at den velkjende frasa «Let it snow, let it snow, let it snow» blir omsett til «Det ekje snøv, det e sludd, det e regn,» og «Walking in a winter wonderland» blir til «Julestemning veks ikkje på tre». Vi får også høre om andre norske juletradisjonar, som at svora helst bør vere sprø, pinnekjøtt og den deilige juletrelukta. Alt tolka på leikent vis med spanande vriar.

Jul på Sunnmørsk, an album by Jul på Sunnmørsk on Spotify

VI FÅR BLI KJENDE MED EIN ALLSIDIG OG DYKTIG GJENG MUSIKARAR, SOM HAR TATT FATT PÅ EIT PROSJEKT SOM DET ER LETT Å BLI GLAD I. HER ER MANGE JULESONGAR SOM VI LIKAR SJØLV OM DEI ER SKRIVNE PÅ FRAMADLANDSK. TENK DÅ KOR FINE DEI VIL BLI PÅ SUNNMØRSK!

- Sulaposten

“DEI MANGE FRAMMØTTE VAR VITNE TIL EIT BAND MED STORT MUSIKALSK OVERSKOT OG SOM EVNA Å ENGASJERE MED SINE FRISKE OG LEIKNE VERSJONAR AV KJENDE OG KJÆRE JULESONGAR.”

— Bygdebladet

Siril Malmedal Hauge (vokal)

Sondre Ferstad (munnspel og gitar)

Kjetil Jerve (piano)

Martin Morland (bass)

Henrik Lødøen (trommer)